Bilskadesenteret Førde

Bilskadesenteret sto ferdig sommaren 2013.

Vi leverte stålkonstruksjonar og veggar. 

Bygginfo:

Byggherre: Bilskadesenteret

Totalentreprenør: Delt entreprise

Arkitekt: Siv. arkitekt MNAL Kjell Hareide

Skywalk i Førde

Vi har produsert og montert alle stålkonstruksjonane i dette byggverket som er blitt eit landemerke i Førde.

Berestaga til bygget, vegg- og takkonstruksjonen er produserte på verkstaden vår i Naustdal. Dimensjonering og prosjektering vart gjort av Sæle as.

Bygginfo:

Byggherre: Qvam as

Arkitekt:  Kritt arkitekter

Utførande:     Qvam as

Amfi Sogningen Sogndal

AMFI Sogningen i Sogndal er eit av dei største kjøpesentra i Sogn og Fjordane. Gjennom ei underentreprise til Veidekke leverte vi berande stålkonstruksjonar til utvidinga av kjøpesenteret i 2012. Vi leverte også stål til fleire av trappene i senteret. Her leverte vi berre stålkonstruksjonen. I andre prosjekt har vi levert komplette trapper med rekkverk, som vi f.eks gjorde til Høgskulen i Førde.

Bygginfo:

Byggherre: Amfi

Totalentreprenør:  Veidekke Entreprenør

Bru Hafstad

Nok eit landemerke i Førde. Denne gangbrua går over elva Jølstra og bind bydelen sentrum sør og Hafstad vidg. skule saman med festplassen og Førdehuset.

Vi har produsert og montert stålkonstruksjonar til brua, herunder også brutårn og strekkstag.

Bygginfo:

Byggherre: Førde kommune

Prosjektledelse: Urheim 

Entreprenør:  Åsen & Øvrelid as

Budeia i Naustdal

Ikkje eit typisk prosjekt for Sunnfjord Industri, men ei interessant utfordring vi fekk av oppdragsgjevar Naustdal kommune og den kjende kunstnaren Kjartan Slettemark. 

Basert på modell og teikningar frå kunstnaren konstruerte, produserte og monterte vi budeia på Sanden i Naustdal. Og dama, som er produsert i syrefast materiale, har ingen teikn til rust. Vi ser på oss sjølve som spesialistar på stålkonstruksjonar, men vi set likevel pris på oppdrag av litt spesiell karakter!

Bygginfo:

Byggherre: Naustdal kommune
Kunstnar: Kjartan Slettemark

Gloppen Hotell

Gloppen Hotell er eit familiedrive hotell på Sandane i Gloppen kommune. Hotellet har hatt stor suksess dei seinare åra og hadde i 2011 ei større utbygging av ny kurs- og konferanseavdeling.

Vi i Sunnfjord Industri leverte stål i takkonstruksjonane. I tillegg har vi produsert og montert rømningstrapp i galvanisert stål og stålrekkverk framfor vindauga.

Bygginfo:

Byggherre: Gloppen Hotell Eigedom as

Prosjektleiar: Jan Berg

Entreprenør: Delt entreprise

Hafstad Vgs

Det nye glasbygget til Hafstad vidaregåande skule i Førde bind saman det nye og det eksisterande skulebygget. Sunnfjord Industri har produsert og montert stålkonstruksjonane i glasbygget. Dette var ein utfordrande jobb med mange samanføyningar og vinklar.
Vi har også levert div. rømningstrapper til dette prosjektet.

Bygginfo:

Byggherre: Sogn og Fj Fylkeskommune

Entreprenør: Åsen & Øvrelid

HiSF Førde

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har si avdeling for ingeniørfag og sjukepleie i Førde. Til bygget på Vie, der Statsbygg var byggherre, leverte og monterte vi dei berande stålkonstruksjonane

I tillegg produserte og monterte vi både trapp og gangbrua du ser i bildegalleriet under. Trappa vart levert komplett med glasrekkverk og handløparar utført i samsvar med teikningar frå arkitekt. 

Bygginfo:

Byggherre: Statsbygg

Prosjektleiar: Jan Tore Rosenlund

Entreprenør: Åsen & Øvrelid as

NOMIL Sandane

Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn. 

Ved utbygging av nytt sentralmottak, verkstad/vaskehall, lager og gjenbrukstasjon var Sunnfjord Industri as underleverandør til Veidekke påstålkonstruksjonar.  I dette tilfellet leverte vi både veggar og takplater, og vi hadde i tillegg ansvar for taktekkinga i prosjektet. Vi leverte m.a.o. tett bygg over betongen.

Bygginfo:

Byggherre: NOMIL

Entreprenør: Veidekke Entreprenør AS

Nordfjord Opera

Operahuset på Nordfjordeid stod ferdig 1. mars 2009. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg.  

Vi leverte stålkonstruksjonane til både inngangspartiet og andre delar av bygget. I dette prosjektet leverte vi også stålkonstruksjonane til Eid vidaregåande skule sin del av bygget.

Konsulentfirmaet Nordplan dimensjonerte stålkonstruksjonane. 

Bygginfo:

Byggherre: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Totalentreprenør: Åsen & Øvrelid

Arkitekt: Nordplan as

Førde Sentralsjukehus

Til den siste utbygginga av sentralsjukehuset i Førde leverte vistålkonstruksjonane til både bygg og inngangsparti. Eit relativt stort prosjekt, der vi leverte rundt 70-80 tonn stål.

Vi hadde kontrakt direkte med Helse Førde på denne leveransen.

Bygginfo:

Byggherre: Helse Førde
Prosjektleiar: Einar Elde
Prosjekterande: Rambøll as
Entreprenør: Delt entreprise

Helse Førde luftambulansebase

Til Den utbygginga har vi levert og montert bærande stålkonstruksjonar og skywalk.  

Vi hadde Kontrakt med Åsen & Øverlid på denne leveransen.

Bygginfo:

Byggherre: Helse Førde
Prosjektleiar: Bjørnar Haveland
Prosjekterande: Nordplan A/S
Entreprenør: Åsen & Øverlid