Ledig stilling: platearbeidar/montør

Sunnfjord Industri as produserer og monterer skreddarsydde stålkonstruksjonar til bygg og industri. Vi tek oppdrag innan sveising og industrivedlikehald og ser på oss sjølve som praktikarar på stål. Verksemda er sertifisert etter NS-EN 1090 og har levert stål-konstruksjonar til mange kjende bygg i Sogn og Fjordane. Vi held til i Naustdal i Sunnfjord.

Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi etter:

PLATEARBEIDAR/MONTØR

 

Ønska kvalifikasjonar

  • gjerne fagbrev, men viktigast er at du har interesse for faget
  • imøtekommande og løysingsorientert
  • påliteleg. God ordenssans.
  • førarkort bil klasse B


Vi tilbyr:

  • gode lønsvilkår, inklusive pensjons- og forsikringsordningar
  • høve til å få støtte ved relevant utdanning
  • triveleg arbeidsmiljø

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Ole Kristian Fitje, tlf 416 91 948.

Søknad med CV sendast til Ole Kristian på okf@sunnfjordindustri.no innan 18. april.